Kirkene i Ålesund > Aktuelt
22. oktober 2019
  |  Logg inn

Disse sidene er ikke i bruk. Gå til http://www.kirken-aalesund.no/ for å besøke våre nåværende nettsider.

Borgund Kyrkjekor feirar 40-års jubileum.

Koret inviterer korsamling 1. - 2. oktober. Sjå programmet her.

Borgund Kyrkjekor vart starta i 1975 av organist Arne Hadland. Sidan det har koret hatt sine utallige tirsdagsøvingar i Borgund kyrkje og sunge ved ca 600 gudstenester og konsertar.

Helga 1. - 2. oktober (litt på etterskot) markerar vi at det er 40 år sidan koret vart starta.
Tidlegare kormedlemmer blir invitert til øvingsdag, festkveld og festgudstenester både i Borgund og Ellingsøy kyrkje.
Begge dei tidlegare dirigentane, Arne Hadland og Robert Coates, blir med for å feire jubileet saman med oss.

Vi ber om at alle som ynskjer å vere med på helga, enten som aktiv songar i jubileumskoret eller som deltakar på festkveld og/eller gudsteneste tek kontakt med kantor Kjetil Kvangarsnes, før 15. september.
Bruk telefon 90 19 12 47 eller e-post: kjetil.kvangarsnes@kirken-aalesund.no
Påmeldingsavgift for festkveld kr. 200,-.

Vel møtt!

Program:
Laurdag kl. 14.00 - 18.00: Korøving.
kl. 19.00: Festkveld ( pris: kr. 200,-)
Søndag kl. 09.30: Korøving.
kl. 11.00: Gudsteneste i Borgund kyrkje. - kyrkjekaffi
Kl. 14.00: Korøving i Ellingsøy kyrkje - matpause
kl. 17.00: Gudsteneste i Ellingsøy kyrkje.

Borgund Kyrkjekor, Ellingsøy Kyrkjekor, tidlegare kormedlemmer. 
Kantorane Arne Hadland, Robert Coates, Kjetil Kvangarsnes og Jann Elling Koppen.

Husk fristen for påmelding: 15. september.