Informasjon om Borgund menighet
22. oktober 2019
  |  Logg inn

Disse sidene er ikke i bruk. Gå til http://www.kirken-aalesund.no/ for å besøke våre nåværende nettsider.

 Besøksadresse: Borgundgavlen 51, 6015 ÅLESUND 
 Postadresse:
Kirkens servicekontor (sjå kontaktinfo på Fellesside)
Direktepost til ein av dei tilsette bør adresserast til besøksadressa (sjå ovanfor)
 Opningstid:
Døra til kyrkjekontoret er stort sett open dersom det er folk på jobb.
Kirkens servicekontor har fast opningstid.
Tilsette
Borgund kyrkje
BORGUND - KYRKJESTAD I 1000 ÅR 
Kyrkjene i Borgundkaupangen
Vikingkongen Olav Tryggvason kristna møringane på Dragseeidet på Stadtlandet i år 997, og vi reknar vi med at det noko etter dette vart bygd ei trekyrkje i Borgund. Borgund tok allereie ved forrige tusenårsskifte til å bli eit viktig senter på Møre, og der er avdekka ein gravplass som er eldre enn steinkyrkjene. Vi veit at det vart bygd ei steinkyrkje i Borgundkaupangen (Middelalderbyen i Borgund) i første halvdel av 1100-talet. Vi rekner med at der var 3-4 steinkyrkjer på same tid i Borgund, så Borgund var eit kyrkjeleg sentrum på Møre. Margaretakyrkja (Mariakyrkja) lå nede på neset mot Klokkarsundet/ Borgundfjorden (sør for dagens Middelaldermuseum). Vi ser restane etter ho. Kledd med firkanta tilhogne marmorsteinar likna ho på Giske-kyrkja. Kanskje var det same byggherre og same arbeidsfolka som reiste desse to kyrkjene?Det er funne restar etter to steinbygg - som vi trur er to kyrkjer - den eine rett ovanfor løa til prestegarden og den andre like nedanfor. Desse er i skriftlege kjelder omtala som Kristkyrkja og Matteuskyrkja. Til vanleg var det berre bispekyrkjer eller katedralkyrkjer som fekk namnet «Krist-kyrkje». På 1100-talet er det dessutan skrive om «bisp Tore av Borgund». Begge deler er teikn på at Borgund har vore bispesete ein periode i mellomalderen.Peterskyrkja var den fjerde kyrkja i Borgund, og vi meiner at denne stod der dagens kyrkje står - ja til og med at ho utgjer tverrskipet i Borgund kyrkje!

BORGUND KYRKJE 
Historikk
Borgundkaupangen fekk ein kraftig knekk med «Svatedaugen» i 1349. Folketalet i landet gjekk ned til 1/3 - kanskje enda meir i ein «tettstad» med prestar og munkar som hadde nær kontakt med sjuke og døyande. Reformasjonen i 1537 reduserte også kyrkja si «verdslege makt». Alt i alt reknar vi med at Borgund hadde mist mesteparten av si betydning på den tid. På 1600-talet vart fleire norske kyrkjer rusta opp. Peterskyrkja i Borgund var orientert aust-vest, men i 1632 vart det lagt ned ein grunnstein som markerte starten på ein byggjeprosess:Kyrkja fekk eit tilbygg mot nord - truleg bygd med stein frå Margaretakyrkja. Inventar som altartavle, preikestol, galleri m.m. vart laga i ein overdådig barokkstil, utført som relieiff utskore i eiketre. I 1847 vart koret flytta frå aust til langveggen i sør. Det vakre altaret og preikestolen vart flytta og teke vare på. Kyrkja vart overteke av kommunen (i 1864) og i 1869 vart kyrkja vigsla etter å ha fått eit nytt påbygg mot sør. Kyrkja var no ei krosskyrkje - med altar mot sør og hovudinngong mot nord. (Altså det motsette av dagens kyrkje) 13. april 1904 - same året som bybrannen i Ålesund, men nesten tre månader seinare! - brann Bogundkyrkja! Ingen ting vart berga, kyrkja med alt inventar og all kyrkjekunsten brann opp. Det vart raskt bestemt at ny kyrkje skulle byggjast på same stad som den gamle kyrkja.
Arkitektane Christian og Hans Siegwart la vinn på at den nye kyrkja skulle ha trekk frå den gamle kyrkja - og ein skulle i stor grad nytte om att dei solide steinmurane. Kyrkja har soleis trekk frå både romask og gotisk stil, og dei la vekt på at det nye interiøret skulle ha same preg som i gamlekyrkja - barokk. Dei same arkitektane har også stått for m.a. Latinskolen, Aarflothuset, Korsegata 9 og St. Olavs plass 1 (Sparebanken)  

Altertavla
Det var bilethoggaren Nicolai Mejdell som skar ut altertavla i eik, men han hadde ei skisse laga av kyrkjearkitekten. Tavla hadde same oppbygging som den gamle altertavla, med Jesu siger over død og syndefall som sentralt motiv. Gjennom krossfestinga (nederst) sigrar han over dei vonde maktene, syndefallet og dauden (i midten) - og kjem attende til lyset frå dødsriket (i lys eik) og fer opp til himmelen øvst. Med opne armar tek han der imot alle menneske! Englar gler seg over oppstoda, og dei fire evangelistane finn vi med sine symbol: Matteus - menneske, Markus - løve, Lukas - okse og Johannes - ørn. 




Preikestolen
Hans Johan Johannessen skar preikestolen som blir boren oppe av døyparen Johannes. Rekkverket er delt i felt med fire englar mellom: Nedst ein engel med folda hender - bøna, deretter ein engel med Bibelen - trua, den tredje har eit anker - vona om evig liv og den øvste held ei harpe - lovsongen.I biletruter langs rekkverket og rundt preikestolen ser vi åtte felt som framstiller Jesu liv: Jesu fødsel, flukten til Egypt, Jesus i Tempelet, Jesus som lærar og gjer under, Jesu dåp, Enka sin skjerv, Jesus lækjer sjuke, Jesu signer maten, Jesus bed i Getsemane.Over preikestolen er der ein baldakin med dei sju diakonane med Stefanus i midten. 


Anna treskurd

Galleriet mot aust viser kristninga av Norge med kongane Håkon den gode, Olav Tryggvason, Olav den heilage og Olav Kyrre. Kvinnene står for: forkynning, lovsong, tru og hylding. Galleriet mot vest syner personar frå Det gamle testamente: Abraham, Moses, David - med tempelsøylene i Jerusalem i midten. Orgelgalleriet har representantar frå mange yrke: Gud gjer ikkje skilnad på folk og alle er velkomne til kyrkje, uansett stand og stilling. Fin symbolikk plassert over hovudinngongen!
Døypefonten har ei mor med eit born på toppen (Maria med Jesus-barnet), og ein himmelstige opp mot taket. I tillegg til Nicolai Mejdell og Hans Johan Johansen har følgjande treskjerarar teke del: Lerdal, Johnsen, Lars Kinsarvik og Johannes Rykken. Einar Torset har skore ut rekkverka på kortrappa. Seinare har Oddvin Parr frå Synnylven skore ut den nye orgelfronten (1981), salmetralle, lesepult, prosesjonslysestakar og oppslagstavle. 

Glasmåleri

Glasmåleria i koret har motiv frå Det nye testamente og er laga av glasmeister G.A. Larsen i Oslo. Glasmåleria på orgelgalleriet syner Johannes, Peter og Jacog og dei er laga i England. 

Orgelet

Borgund kyrkja fekk orgel i 1864. Nytt orgel i 1908 på austgalleriet. Dette vart ombygd i 1957-58 og flytta til galleriet mot sør. I 1981 stod eit nytt orgel ferdig, levert av Marcussen & Søn i Aabenraa, Danmark. Eit mekanisk orgel med tre manualar, 35 stemmer og 2.240 piper. Oddvin Parr frå Synnylven har skore ut orgelfronten (1981). 


Altar i austskipet
I krossarma mot aust ser vi eit steinaltar som truleg har stått i ei av dei gamle kyrkjene i Borgund. I steinplata finn vi rom for relikvier - heilage minne/gjenstandar i katolsk tid.
Borgund menighetshus
Borgund sokneråd

Medlem:
Marit Kaldhol (leiar)
Christian Ekelund (nestleiar)
Tine Nordbrønd
Wenche Østraat Anderson
Kristin Roald Bjørnøy
Halldis Ragnhild Oksefjell
Arvid Helle (sokneprest)
Kristin Smehus (dagleg leiar)

Varamedlem:
Hilde Mari Linaker 
Hans Georg Schaatun 
Randi Dahl Lade 
Vidar Lade 
Tone Bjørnsen